Religionshermeneutikk 2: Religions- og livssynsfaget som humanistisk prosjekt med Øystein Brekke

Episode 46 · December 22nd, 2023 · 1 hr 2 mins

About this Episode

Våren 2023 gav Øystein Brekke, professor ved OsloMet, ut boka Religionshermeneutikk. I boka argumenterer han for ei fleirfagleg, konglomerativ, tilnærming til religion og livssyn i skulen - og for at skulefaget må ha ein livssynsopen fagontologi. Denne episoden er den første av fleire samtalar som Øystein Brekke har med Inge Andersland om tankane i boka. Målet er både å opne opp diskusjonane i boka for fleire, og å kunne gå djupare inn på det som vert diskutert.

Dersom du har spørsmål, innspel, kritikk eller kommentarar til episoden kan du sende dei til [email protected]

I samtalen kjem vi inn på fleire relevante fagtekstar, mellom anna:

Martha Shaw, «Towards a religiously literate curriculum – religion and worldview literacy as an educational model», Journal of Beliefs & Values, 41:2, 150-161,
Hans Skjervheim «Sløret og skiljeveggen. Eit utkast» (2004)
Per Magne Aadnanes «Livssynsforskning – prinsipp og metodar i ei ny forskningsgrein» (1999)

Øystein si bok finn du her: https://www.universitetsforlaget.no/religionshermeneutikk

Øystein har og laga ei religionsfagleg og religionsdidaktisk studentordliste. Der kan du finne forklaringar på mange av omgrepa vi brukar i samtalen.

Musikk av Lee Rosevere
«Thought Bubbles»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/
«All the Answers»
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/